Hopp til innhald

Sri Lanka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ceylon)
Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka
ශ්‍රී ලංකා ප්‍රජාතාන්ත්‍රික සමාජවාදී ජනරජය
Śrī Laṅkā Prajātāntrika Samājavādī Janarajaya
இலங்கை சனநாயக சோசலிசக் குடியரசு
Ilaṅkai Caṉanāyaka Cōcalicak Kuṭiyaracu
Adjektiv: srilankisk
Nasjonaldag 4. februar
Nasjonalsong «Sri Lanka Matha»
Hovudstad  
 •  Sete for
     regjeringa
Colombo
 •  Sete for den
     lovgjevande
     forsamlinga
Sri Jayewardenepura (Kotte)
Største by Colombo
Offisielle språk Singalesisk,[1] tamil[2]
Flatevidd 65 610 km²
Folketal 21 444 000 (2017)[3]
Sjølvstende frå
Storbritannia
4. februar 1948
Styresett Semipresidentiell republikk
 •  President Anura Kumara Dissanayaka[4]
 •  Statsminister Harini Amarasuriya
BNP 74 403 578 363 US-dollar (2022)[5]
HDI 0,782 (2021)[6]
Gini 39,3 (2016)[7]
Tidssone UTC +5:30
Valuta Srilankisk rupi
Telefonkode +94
ISO 3166-kode LK
Toppnivådomene .lk
Wikimedia Commons: Sri Lanka

Sri Lanka,[a] offisielt Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka,[b] er ein tropisk øystat i Asia søraust for India. Nasjonaldagen er 4. februar, dagen då landet vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1948.

Sri Lanka har to store folkegrupper, singalesarar og tamilar, som i over tjue år var involverte i ein borgarkrig mot kvarandre. Singalesarane heldt regjeringsmakta i landet, medan opprørsgruppa dei tamilske tigrane kontrollerte nordlege delar av øya. Krigen enda med at opprørarane blei nedkjempa.

Øya har i tidlegare tider vore kjend som Lanka, Lankadvipa, Taprobane, Serendib og Selan. Ho var kjend som Ceylon i kolonitida og fram til landet bytta namn i 1972.

Det høgste fjellet i landet heiter Pidurutalagala.

To av dei viktigaste eksportvarene frå Sri Lanka er kaffi og te. Ceylonte er framleis ein velkjend tetype.

Kart over Sri Lanka.
Topografisk kart over Sri Lanka.

Sri Lanka har eit tropisk regnklima. Fjelltoppen Nuwara Eilya på midten av øya fører til at øya får store nedbørsmengder året rundt. Hausten er den våtaste perioden av året, men det kjem òg ein god del nedbør i april-mai når monsunen er på veg nordover. Midt på vinteren kjem det regn om lag kvar tredje dag i Colombo, som har ein årleg nedbørsnormal på 2345 mm. Dei lågareliggande områda i nord er mindre våte, og får lite nedbør om sommaren. Alle områda av øya får likevel minst 1000 mm kvart år.

  1. ↑ singalesisk ශ්‍රී ලංකා, Śrī Laṅkā; tamil இலங்கை, Ilaṅkai
  2. ↑ singalesisk ශ්‍රී ලංකා ප්‍රජාතාන්ත්‍රික සමාජවාදී ජනරජය, Śrī Laṅkā Prajātāntrika Samājavādī Janarajaya; tamil இலங்கை சனநாயக சோசலிசக் குடியரசு, Ilaṅkai Caṉanāyaka Cōcalicak Kuṭiyaracu
  1. ↑ «18.1», Constitution of Sri Lanka, Wikidata Q2679022
  2. ↑ «18.2», Constitution of Sri Lanka, Wikidata Q2679022
  3. ↑ «World Bank Open Data». Henta 8. april 2019.
  4. ↑ https://www.bbc.com/news/articles/cqxr03x4dvzo. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  6. ↑ «Human Development Report». 2022.
  7. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sri Lanka