Hopp til innhald

Aboud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aboud
عابود, 'Aboud, Abboud
kommune
Aboud, sett frå sør
Namneopphav: Abud, førenamn, frå «å tilbe»[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°00′54.06″N 35°04′05.28″E / 32.0150167°N 35.0681333°E / 32.0150167; 35.0681333
Areal 15,0 km²
Folketal 2 084 (2006)
Folketettleik 139 / km²
Borgarmeister Elias Azar
Kart
Aboud
32°00′54″N 35°04′05″E / 32.015016666667°N 35.068133333333°E / 32.015016666667; 35.068133333333
Kart som viser Aboud.
Kart som viser Aboud.
Kart som viser Aboud.
Wikimedia Commons: Aboud

Aboud eller 'Abud (arabisk عابود, `Ābūd) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, Dei palestinske territoria, kring 22 kilometer nordvest for Ramallah og 30 kilometer nord for Jerusalem. Andre byar i nærleiken er al-Lubban i nordaust og Bani Zeid i nordvest. Folkesetnaden i Aboud er hovudsakleg kristne. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 084 innbyggjarar i 2007.[2] Nær landsbyen ligg mange naturlege kjelder som er kjelda til Yarkonelva.

Her finst spor etter romarar, bysantinarar, krossfararar, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane.[3] I krossfarartida vart han kalla Casale Santa Maria.[3] I 1225 skreiv Yaqut al-Hamawi om Aboud at han var ein «liten by i Filastin-provinsen, nær Jerusalem. Namnet er hebraisk, og har vorte arabifisert.»[4] Den arabiske historikaren al-Maqrizi nemnte staden på 1300-talet.[3]

Osmansk tid

[endre | endre wikiteksten]

Han var oppført i osmanske skattelister som ein del av Ramla nahiya i Gaza sanjak.

I 1596 hadde han eit folketal på 19 kristne hushaldningar og 16 muslimske hushaldningar, og betalte skatt for kveite, bygg, og andre varer.[5] Han vart seinare ein del av provinsen Bani Zeid.[3]

I 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin Aboud og estimerte at han hadde kring 800 innbyggjarar, halvparten «skismatiske gerkarar» og halvparten muslimar.[6]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i «Survey of Western Palestine» landsbyen som «ein stor og blømande kristen landsby, i stein, og nesten alle husa er merka med ein raudfarga kross», med eit folketal på 400 ortodokse kristne og 100 muslimar.[7]

Det britiske mandatet

[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Aboud eit folketal på 754, 402 kristne og 352 muslim.[8] I folketeljinga i 1931 hadde folketalet auka til 910, 470 kristne og 440 muslimar, i 215 hus.[9]

I 1945 var folketalet 1 080, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 4 843 for plantasjar og irrigert land, 1 905 for korn,[11] medan 55 mål var klassifisert som utbygde område.[12]

  1. ↑ Palmer, 1881, s. 221
  2. ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
  3. 1 2 3 4 H. Taha (1997). «A salvage excavation at the 'Abudiyah Church in Abud – Samaria» (PDF). Liber Annuus. 47: 359–374 and plates 17–20.
  4. ↑ Yaqut al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s. 382.
  5. ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 156
  6. ↑ Guérin, 1875, s. 87 - 90
  7. ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 289
  8. ↑ Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  9. ↑ Mills, 1932, s. 47
  10. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  11. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  12. ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]