Hopp til innhald

Angarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angarsk
Ангарск
by
Angarskij Prospekt
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk
Høgd 430 m
Areal 294 km²
Folketal 216 973 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1948
 •  Bystatus 1951
Postnummer 665800–665841
Retningsnummer (+7) 3955
Kart
Angarsk
52°34′00″N 103°55′00″E / 52.566666666667°N 103.91666666667°E / 52.566666666667; 103.91666666667
Wikimedia Commons: Angarsk

Angarsk (russisk Анга́рск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg ved elva Angara, rundt 40 km nordvest for Irkutsk. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar.

Angarsk vart grunnlagt i 1948 som ein industriell busetnad og fekk bystatus 30. mai 1951.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]
Jernbanestasjonen i Angarsk

Næringslivet i Angarsk består av oljeindustri, maskinbygging, metallhandsaming, treforedling, kjemisk industri og petrokjemi. Angarsk har den største industrisonen i den asiatiske delen av Russland. Angarsk er òg ein av hovudbyane i det russiske atomprogrammet.

Byen ligg ved den transsibirske jernbanen. Innanfor bygrensene består kollektivtransporten av trikk, bussar og rutetaxi.

  1. ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26. april 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Angarsk