Hopp til innhald

Brill Building

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brill Building
bygning
Land  USA
Stad 1619 Broadway på Manhattan i New York City i USA
 - koordinatar 40°45′40″N 73°59′04″W / 40.7611°N 73.9845°W / 40.7611; -73.9845
Areal 16 300 m²
Opning 1931
Kart
Brill Building
40°45′40″N 73°59′04″W / 40.7611°N 73.9845°W / 40.7611; -73.9845
Wikimedia Commons: Brill Building

Brill Building er eit kontorbygg i 1619 Broadway i New York City som stod ferdig i 1931.[1][2] Det ligg like nord for Times Square og litt forbi den historiske musikalske bydelen Tin Pan Alley. Bygningen er kjend for å huse kontor for musikkindustrien og studio, der somme av dei mest populære amerikanske songane vart skrivne. Bygningen var eit senter for den amerikanske musikkindustrien som dominerte poplistene tidleg i 1960-åra.[3]

Storbandtida

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv før andre verdskrigen var bygningen eit senter for popindustrien, særleg for foreleggjarar og låtskrivarar. Mange musikkforeleggarar hadde kontor i Brill Buliding. Så snart ein song var publisert, sende forleggjarane song-pluggerar til populære band og radiostasjonar. Desse song-pluggarane song og/eller spelte songen for bandleiarar for å oppfordre dei til å spele musikken deira.

Brill Building-songane var konstant på toppen av Billboard si Hit Parade-lista og spelt av dei leiande banda på den tida:

Av foreleggjarar finn ein:

  • Leo Feist Inc.
  • Lewis Music Publishing
  • Mills Music Publishing

Låtskrivarar

[endre | endre wikiteksten]

Mange av dei beste verka innan forskjellige kategoriar vart skrivne av laust samansette grupper av låtskrivarar og produsentar, hovudsakleg duoar, som hadde enorm suksess og som samarbeidde på nokre av dei største hittane i denne perioden. Mange i desse gruppene var nære vener og/eller gifte par (som med Goffin-King og Greenwich-Barry). Dei arbeidde ofte i lag med andre låtskrivarar i forskjellige kombinasjonar. Somme (Carole King, Paul Simon, Burt Bacharach, Neil Sedaka, Neil Diamond, Boyce and Hart) spelte inn og hadde hittar med sin eigen musikk.

Andre musikarar som hadde hovudkvarter i Brill-bygningen var:

Blant dei mange hundrevis av hittane av denne gruppa finn ein «Yakety Yak» (Leiber-Stoller), «Save the Last Dance for Me» (Pomus-Shuman), «The Look of Love» (Bacharach-David), «Breaking Up Is Hard to Do» (Sedaka-Greenfield), «Devil in Disguise» (Giant-Baum-Kaye), «The Loco-Motion» (Goffin-King), «Supernatural Thing» (Fyre-Guthrie), «We Gotta Get Out of This Place» (Mann-Weil) og «River Deep, Mountain High» (Spector-Greenwich-Barry).

Under er ei delvis liste over stuiomusikarar som medverka til Brill Building-stilen:

  1. ↑ Gray, Christopher, «Streetscapes: The Brill Building: Built With a Broken Heart», The New York Times, 30. desember 2009
  2. ↑ New York City Landmarks Preservation Commission, «Brill Building» Arkivert 2010-07-15 ved Wayback Machine., New York City, March 23, 2010
  3. ↑ D.H. (16. oktober 2017). «The first biography of George Martin, the Beatles' only producer». The Economist.
  4. ↑ «The Work of Claus Ogerman». Bjbear71.com. Henta 21. februar 2018.
  5. ↑ «Tom & Jerry meet Tico & The Triumphs». Rockabilly.nl. Henta 21. februar 2018.
  6. ↑ «Bobby Darin and the Brill Building». Arkivert frå originalen 18. mai 2008. Henta 21. februar 2018. {{cite web}}: Invalid |dead-url=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]