Hopp til innhald

Doug Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doug Gray

Gray i 2014
Fødd22. mai 1948 (78 år)
FødestadSpartanburg i Sør-Carolina i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1960-åra
SjangerSouthern Rock
InstrumentVokal, klaverinstrument, tamburin
Tilknytte artistarThe Marshall Tucker Band
Verka somSongar, låtskrivar

Doug Gray (fødd 22. mai 1948) er ein USA-amerikansk songar. Han var med å skipe The Marshall Tucker Band, der han var solovokalist.[1][2]

Gray skipa bandet The New Generation i lag med skulevenen Tommy Caldwell. I 1968 gav dei ut singelen «Because of Love (It's All Over)».[3] The New Generation smelta sidan saman med eit anna lokalt band, The Rants, der mellom andre Toy Caldwell (bror til Tommy) spelte,[4] og det nye bandet vart kalla Toy Factory.[5] Fleire av medlemmane, inkludert Gray vart kalla inn i militæret og tente i Vietnamkrigen.[6][7]

Då militærtenesta var over slo Gray seg saman med Caldwell-brørne att i Toy Factory. I 1972 endra dei namn til The Marshall Tucker Band. Gray vart verande i bandet i heile karrieren sin og er det einaste originale medlemmet som framleis spelar i bandet i dag.[8]

Gray song solo på dei fleste av songane deira, med unntak av «Can't You See» som vart sungen av Toy Caldwell.

  1. ↑ Tennis, Joe (22. april 2018). «Leader of The Marshall Tucker Band says he's not in the market for 'A New Life'». Bristol Herald Courier. Bristol Virginia. Henta 29. desember 2020.
  2. ↑ Tennis, Joe (17. mai 2018). «Doug Gray: Marshall Tucker Band's last original band member». Bristol Herald Courier. Bristol Virginia. Henta 29. desember 2020.
  3. ↑ https://www.popsike.com/NEW-GENERATIONEarly-Marshall-Tucker-BandBecause-Of-LoveThats-The-Sun7-68/161084722631.html
  4. ↑ https://www.legacy.com/obituaries/spartanburg/obituary.aspx?n=ross-carlisle-hanna&pid=192871961
  5. ↑ http://swampland.com/articles/view/title:the_legends_of_southern_rock_photo_scrapbook_part_two
  6. ↑ Smith, Michael B. «Toy Caldwell's Carolina Dreams». Tuckerhead.com. Arkivert frå originalen 11. mars 2016. Henta 29. desember 2020. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. ↑ Young, Julius (11. november 2019). «Marshall Tucker Band's Doug Gray recalls woman giving him her plane seat during return home from Vietnam war». Henta 11. november 2019.
  8. ↑ «Doug Gray Interview: Marshall Tucker Band Leader Finds Musical Kinship Everywhere — Even on 'American Idol'». The Boot. 2019. Henta 11. november 2019.