Hopp til innhald

Evesham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evesham
by
Land  England
Region Worcestershire
Distrikt Wychavon
Areal 1 601,32 km²
Folketal 27 684 (21. mars 2021)[1][2]
Postnummer WR11
Retningsnummer 0 1386
Kart
Evesham
52°05′N 1°57′W / 52.09°N 1.95°W / 52.09; -1.95
Wikimedia Commons: Evesham

Evesham er ein by i grevskapet Worcestershire i England. Han har kring 28 000 innbyggjarar og ligg om lag midt mellom Worcester, Cheltenham og Stratford-upon-Avon. Evesham ligg i Vale of Evesham, eit område som består av flaumsletta til elva Avon, som ein gong var eit stort senter for hagebruk. Byen er ofte råka av flaum. Flaumen i 2007 var den verste i historisk tid.

The Round House.
Foto: David Stowell

Byen vart grunnlagd tidleg på 700-talet kring eit kloster, som ein gong var det største i Europa. Klosteret vart øydelagd under oppløysinga av klostera og berre klokketårnet står att. På 1200-talet vart ein av to slag under den andre baronkrigen i England utkjempa nær byen.

  1. ↑ https://www.citypopulation.de/en/uk/westmidlands/admin/wychavon/E04010391__evesham/. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  2. ↑ «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Evesham