Gahnitt
Utsjånad
| Gahnitt | |||
| | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa | ||
| Kjemisk formel | ZnAl2O4 | ||
| Strunz-klassifisering | 04.BB.05 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Mørkegrøn, blågrøn, blå til indigo, gul til brun | ||
| Krystallform | Typisk åttesidig, sjeldan som dodekaeder, òg massiv til korna | ||
| Krystallsystem | Isometrisk | ||
| Tvilling | Vanleg på [111] produserer striper | ||
| Kløyv | Utydeleg deling på [111] | ||
| Brot | Muslig, Ujamn | ||
| Mohs hardleiksskala | 7½–8,0 | ||
| Glans | Glasaktig | ||
| Strekfarge | Grå | ||
| Transparens | Gjennomskinneleg til nesten ugjennomsiktig | ||
| Spesifikk vekt | 4,38–4,60 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
| Brytingsindeks | n = 1,79–1,80 | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Gahnitt er ein sinkspinell med formel ZnAl2O4, eit mineral som tilhøyrer spinellgruppa.
Det vart først skildra i 1807 etter ein førekomst i Falu gruve i Falun i Dalarna i Sverige og kalla opp etter den svenske kjemikaren Johan Gottlieb Gahn (1745–1818), som oppdaga grunnstoffet mangan.[2][3]
I Noreg er det mellom anna kjent frå ein granittpegmatitt i Øvre Vats i Rogaland, og i kismalm frå Bleikvassli og Ofoten i Nordland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/gahnite.pdf Mineral Handbook
- 1 2 http://www.mindat.org/min-1632.html Mindat
- 1 2 http://webmineral.com/data/Gahnite.shtml Webmineral
- «Gahnitt». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 14. februar 2014.