Hopp til innhald

Gareth Bale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gareth Bale
MBE
Bale speler for Wales under VM i fotball 2022.
Personleg informasjon
Fullt namn Gareth Frank Bale[1]
Fødselsdato 16. juli 1989 (37 år)[1]
Fødestad Cardiff i Wales
Høgd 1,86[1]
Posisjon Høgreving, spiss
Ungdomsklubbar
Cardiff Civil Service
1999–2006 Southampton
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006–2007 Southampton 40 (5)
2007–2013 Tottenham Hotspur 146 (42)
2013–2022 Real Madrid 176 (81)
2020–2021 → Tottenham Hotspur (lån) 20 (11)
2022–2023 Los Angeles FC 12 (2)
Totalt 394 (141)
Landslag
2005–2006 Wales U17 7 (1)
2006 Wales U19 1 (1)
2006–2008 Wales U21 4 (2)
2006–2022 Wales 11 (41)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Gareth Frank Bale (fødd 16. juli 1989) er ein walisisk tidlegare fotballspelar frå Cardiff i Wales i Storbritannia. Han har spelt for den spanske klubben Real Madrid og for dei britiske klubbane Southampton og Tottenham Hotspur i England. Bale deltok i 111 landskampar for Wales og skåra 41 mål, noko som gjorde han til den mestspelande og mestskårande spelaren for Wales nokonsinne.

Gareth Bale i Tottenham-drakt.

I 2018 skåra han eit mål som er omtalt som eit av dei beste i ein Champions League-finale[2][3] med eit brassespark då Real Madrid vann meisterligafinalen.[4][5] Han blei tildelt FIFA sin Club World Cup Golden Ball i 2018. Bale vann 15 trofé, inkludert La Liga tre gonger og fem Champions Leagues. Han blei med i MLS-klubben Los Angeles i 2022, og vann ein MLS Cup-tittel. Han la opp i 2023, etter VM i fotball 2022.[6]

Bale blei utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i 2022 for bidraga sine til fotball og velgjerd.[7]

  1. 1 2 3 «FIFA World Cup Qatar 2022™ – Squad List: Wales (WAL)» (PDF). FIFA. 18. desember 2022. s. 32. Arkivert (PDF) frå originalen den 18. desember 2022. Henta 20. oktober 2024.
  2. ↑ «Ranking the top 6 Champions League final goals». Betway Insider (på engelsk). 30. mai 2019. Henta 7. oktober 2024.
  3. ↑ Hayward, Ben (21. november 2024). «Best Champions League final goals». fourfourtwo.com (på engelsk). Henta 12. mars 2025.
  4. ↑ «Real Madrid 3–1 Liverpool: Gareth Bale scores stunning goal in Champions League final». Sky Sports (på engelsk). Henta 12. mars 2025.
  5. ↑ «Gareth Bale scores absurd bicycle kick in Champions League final (Video)». Yahoo Sports (på amerikansk engelsk). 26. mai 2018. Henta 12. mars 2025.
  6. ↑ «Wales captain Bale retires from football aged 33». BBC Sport. Arkivert frå originalen den 9. januar 2023. Henta 9. januar 2023.
  7. ↑ «No. 63714». The London Gazette (Supplement): B17. 1. juni 2022.