Hopp til innhald

Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om landet Georgia. For delstaten, sjå Delstaten Georgia. For fleire tydingar, sjå Georgia (fleirtyding).
Georgia
საქართველო
Sakartvelo
Adjektiv: georgisk
Motto ძალა ერთობაშია
('Krafta ligg i eining')
Nasjonaldag 26. mai
Nasjonalsong «Tavisupleba»
██ Georgia██ Dei russisk-okkuperte territoria Abkhasia og Sør-Ossetia
Hovudstad Tblisi
Offisielle språk georgisk
 •  Minoritetsspråk abkhasisk
Flatevidd 69 700 km²
 •  vatn 0 % km²
Folketal 3 929 581 (14. november 2024)[1]
Sjølvstende frå
Sovjetunionen
9. april 1991
Styresett Parlamentarisk republikk
 •  President Mikheil Kavelashvili
 •  Statsminister Irakli Kobakhidze
BNP 24 605 375 420 US-dollar (2022)[2]
HDI 0,802 (2021)[3]
Gini 34,5 (2020)[4]
Tidssone UTC +3
Valuta Lari
Telefonkode +995
ISO 3166-kode GE
Toppnivådomene .ge
Wikimedia Commons: Georgia (country)

Georgia[a] er eit land i Kaukasus, som tidlegare var ein del av Sovjetunionen.[5][6] Hovudstaden heiter Tbilisi. Landet grensar til Tyrkia, Russland, Aserbajdsjan og Armenia. Dei to områda Abkhasia og Sør-Ossetia lausreiv seg tidleg på nittitalet og har sidan vore de facto sjølvstendige statar, sjølv om berre få land godkjenner sjølvstendet deira. Russland har plassert styrkar i begge områda og kallar dei fredstryggjande, men desse styrkane vert rekna som okkupasjonsstyrkar av Georgia.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Kart over Georgia.

Georgia er delt inn i ni regionar (georgisk მხარე, mtsjare), ein by (k'alak'i ) og to autonome republikkar:[7]

  1. Abkhasia (autonom republikk)
  2. Samegrelo-Zemo Svaneti
  3. Guria
  4. Adsjaria (autonom republikk)
  5. Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti
  6. Imereti
  7. Samtskhe-Javakheti
  8. Shida Kartli (inkludert Sør-Ossetia)
  9. Mtskheta-Mtianeti
  10. Kvemo Kartli
  11. Kakheti
  12. Tbilisi (by)
For meir om dette emnet, sjå Georgisk geografi.

Fjella dominerer landskapet i Georgia. Fjellkjeda Likhi deler landet i ein austleg og ein vestleg halvdel. Historisk var dei vestlege områda av Georgia kjend som Colchis, medan dei austlege delane vart kalla Iberia. Dei nordlege fjellområda i Svaneti er òg isolert frå resten av landet.

Store Kaukasus går langs grensa mellom Georgia og Russland, medan Litle Kaukasus går langs grensa til Tyrkia i sør. Store Kaukasus er derimot mykje større og inneheld dei høgaste fjella i Europa (så lenge desse områda vert rekna som europeiske) med fleire toppar over 5 000 meter.

Det høgaste fjellet i Georgia er Sjkhara med ei høgd på 5 201 meter (sjølve toppen ligg i Russland), og det nest høgaste er Janga (Jangi-Tau) med 5 051 meter over havet. Andre fjelltoppar som utmerker seg er Kazbek med 5 047 meter, Tetnuldi (4 974 m), Sjota Rustaveli (4 960 m), Usjba (4 710 m) og Ailama (4 525 m). Av fjella som her er nemnd har berre Kasbek vulkansk opphav. Området mellom Kazbek og Sjkhara (eit stykke på om lag 200 km) er dominert av mange isbrear. Litle Kaukasus er meir variert og ikkje så høg, og ingen toppar er høgare enn 3 400 meter. Av fjell i dette området finn ein vulkanplatået Javakheti i tillegg til mange innsjøar som Tabatskuri og Paravani, i tillegg til mineralvatn og varmekjelder.

Voronjagrotta er den djupaste kjende grotta i verda. Ho ligg i Arabika-massivet i fjellkjeda Gagra i Abkhasia. Høgdeskilnaden i grotta er heile 2 140 meter.

Av store elvar i Georgia finn ein Rioni og Mtkvari (Kura).

Klimaet i dette fjellandet på austkysten av Svartehavet er nesten tropisk om sommaren, medan vintrane er varmare enn dei milde sørlege områda av Russland i nord. Ein har derimot kuldebølgjer om vinteren over store delar av landet. Dei vestlege områda er ganske våte året rundt. Tbilsi har ein årleg nedbørsnormal på 462 mm. Dei lågareliggande områda langs kysten av Svartehavet har forholdsvis milde vintrar og ganske varme somrar. Ein kan derimot ha ein del vind i fjella, særleg i Transkaukasusdalen. I K'ut'aisi kan ein få vind opp i orkan styrke minst ein gong i året.

  1. ↑ georgisk საქართველო Sakartvelo
  1. ↑ «Main Results of the 2024 Population and Agricultural Census» (PDF). National Statistics Office of Georgia. Henta 7. august 2026.
  2. ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  3. ↑ «Human Development Report». 2022.
  4. ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)
  5. ↑ «Georgia» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. ↑ Carlsen, Aksel V.; Poulsen-Hansen, Lars Peder. «Georgien» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 21. september 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  7. ↑ «Georgia Regions». statoids.com. Henta 24. april 2017.
  8. ↑ «Georgia: People» (på engelsk). Britannica. Henta 21. september 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Georgia