Gitter
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gitter (fleirtyding).

Gitter er eit arrangement av parallell- eller kross-stilte stenger med like lange avstandar imellom seg. Dei kan nyttast som sperre mot menneske, dyr eller framandlekamar. Gitter er gjerne laga av metall, men ein kan òg bruka tre, stein eller plastikk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Framstilling
[endre | endre wikiteksten]
Gitter er ofte laga av smijern eller støypejern, i mellomalderen blei det òg nytta messing. Metallstengene, -strimlane eller -banda i gittera var laga av metall og blei haldne saman i skjeringspunkta med samanføyingar eller naglar. Samanføyinga av stengene fekk snart stor variasjon og kunstnerisk utforming. Dei glatte stengene og banda blei seinare dekorerte med smidde eller støypte blad, blomar, arabeskar, menneske- og dyrefigurar, og til og med groteskar, slik at gittera til slutt blei betydelege kunstverk og luksuriøst utsmykka med teknikkar som forgylling.
I dag kan ein bruka konstruksjonsstål, mjukt jern eller reint jern.[1] Smibronse blir også bruka nokre stader.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]
Gitter er blitt mykje nytta i kyrkjer og kapell, for å avslutta koret i eit skip, for å inneslutta gravminne inne i kyrkjene, for å ramma inn døypefontar og elles rundt brunnar og offentlege monument. Under renessansen blei gitter også vanlege i privat arkitektur,[2] og er blitt verande det til moderne tid, med varierande bruk til portar, dører, vindauge, opningar og gjerde. For å endra den typiske svarte jernfargen kan ein nytta forgylling, forkopring, fornikling og liknande.
Døme
[endre | endre wikiteksten]Karakteristiske døme på gitter er det gotiske gitteverket ved Quintin-Massys-brunnen i Antwerpen, gitteret i Freising domkyrkje, gitteret ved gravmælet til Karl IV i Praha domkyrkje og gitteret ved Augustusbrunnen í Augsburg.
Sikringsmiddel
[endre | endre wikiteksten]Gitter kan både brukast som dekorasjon og som vern eller stengsel. Dører og vindauge med gitter kan nyttast i fengsel og liknande for å halda innsette fanga og trygge. I andre bygningar, som private hus, kan gitter nyttast for å hindra innbrot. Gittergjerde blir også installert ved bygningar som krev sikring.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Vindaugegitter i Iran
- Metallgitter i ei tesil.
- Plastgitter på ein radiatorgrill
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «reineisen». angele-shop. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013.
{{cite web}}: Cite has empty unknown parameter:|1=(hjelp) - ↑ Camillo Sitte: Über Technik und Ausbildung der Rundeisengitter der Renaissance, 1884, opptrykk i: Camillo Sitte; Klaus Semsroth; Michael Mönninger; Christiane Crasemann Collins (2008). Schriften zu Kunstkritik und Kunstgewerbe. Böhlau Verlag Wien. ISBN 9783205775812.
- Denne artikkelen bygger på «Gitter» frå Wikipedia på tysk, den 5. oktober 2025.