Hopp til innhald

Gyrokompass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsnitt av eit Anschütz gyrokompass
Eit display[1] (engelsk, repeater)

Eit gyrokompass er eit ikkje-magnetisk kompass basert på ei raskt roterande plate og rotasjonen til jorda (eller ein annan himmellekam om han vert nytta ein annan stad i verdsrommet) for å finne geografisk retning automatisk. Bruk av gyrokompass er ein av sju grunleggjande måtar å avgjere retninga til eit fartøy.[2] Sjølv om ein viktig komponent i eit gyrokompass er eit gyroskop, er ikkje dette det same. Eit gyrokompass er bygd på effekten av gyroskopisk presesjon, som er ei særeiga side ved den generelle gyroskopiske effekten.[3][4] Gyrokompass vert mykje nytta for navigasjon på skip, fordi dei har to viktige fordelar over magnetiske kompass:

Luftfartøy brukar ofte gyroskopiske instrument (men ikkje eit gyrokompass)[5] for navigasjon og høgdemonitorering.

Eit patent frå 1885 var ikkje praktisk.[6] I 1906 vart eit gyrokompass funne opp i Tyskland, av Hermann Anschütz-Kaempfe, og dette vart mykje brukt i den tyske marinen.[3][6][7]

I 1913 vart det utvikla eit gyrokompass for bruk på fartøy i sivil sjøfart. Utviklaren var det tyske firmaet C. Plath.[8]

  1. ↑ gyrokompass. Store norske leksikon. Vitja 8. mai 2020
  2. ↑ Gade, Kenneth (2016). «The Seven Ways to Find Heading» (PDF). The Journal of Navigation. 69 (5). Cambridge University Press: 955–970. doi:10.1017/S0373463316000096.
  3. 1 2 The Anschutz Gyro-Compass and Gyroscope Engineering. 2003. ISBN 978-1-929148-12-7.
  4. ↑ Time Inc. (15. mars 1943). «The gyroscope pilots ships & planes». Life: 80–83. Arkivert frå originalen 27. februar 2017.
  5. ↑ gyrocompass. britannica.com. Vitja 8. mai 2020. « It is not suitable as an aircraft compass because the speed of several hundred knots associated with such vehicles seriously affects the north-seeking properties of the instrument.»
  6. 1 2 Galison, Peter (1987). How experiments end. s. 34–37. ISBN 978-0-226-27915-2. Arkivert frå originalen den 2. mars 2012.
  7. ↑ «Standard 22» (PDF). Arkivert (PDF) frå originalen den 29. juni 2015. Henta 19. februar 2012.
  8. ↑ The Invention of Precision Navigational Instruments for Air and Sea Navigation Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine., Weems & Plath.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]