Hopp til innhald

HMV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HMV


Skipa1921
EigarSunrise Records
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
Nettstadhttps://www.hmv.com

HMV er eit britisk underhaldningsselskap som opererer i Storbritannia, Canada, Hongkong og Irland.[1]

Det blei skipa av Gramophone Company, som allereie hadde nytta symbolet «His Master's Voice» på audioutstyret sitt, og blei eit eige plateselskap frå 1909.[2] Den fyrste HMV-butikken opna i 1921 på Oxford Street,[3] og frå 1930-åra selde selskapet TV-ar og radioar.[4] På 1960-talet blei HMV ei kjede med fleire butikkar i London, og på 1970-talet ekspanderte dei over heile landet. På midten av 1980-talet blei det også ein internasjonal kjede. I 1997 opna HMV sin 100. butikk i Storbritannia.[5]

  1. ↑ «HMV branches sold to Hilco, saving 141 branches». BBC News (på britisk engelsk). 5. april 2013. Henta 22. september 2016.
  2. ↑ Holden, Jake (23. november 2023). «HMV to return to its iconic Oxford Street location after four-year closure». My London (på engelsk). Henta 21. februar 2024.
  3. ↑ «Inside the Oxford Street HMV Store in the Sixties – Voices of East Anglia» (på amerikansk engelsk). 14. juni 2011. Henta 22. september 2016.
  4. ↑ «Early Electronic TV». www.earlytelevision.org. Henta 22. september 2016.
  5. ↑ «HMV: A visual history». BBC News (på britisk engelsk). 15. januar 2013. Henta 18. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: HMV