Hopp til innhald

Hazel Brugger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hazel Brugger

Fødd9. desember 1993 (32 år)
FødestadSan Diego
FødenamnAllison Hazel Brugger
OpphavSveits, USA, Tyskland
Verka somslampoet, kabaretartist, skodespelar, kommentator, lyrikar, komikar, youtubar, podkastvert, spaltist, arrangementvert, forfattar
FarPeter Brugger
Gift medThomas Spitzer
PrisarBavarian Stand-up Comedian Award, Salzburg Bull Award, Deutscher Kleinkunstpreis, Deutscher Comedypreis, Bambi-prisen

Allison Hazel Brugger (fødd 9. desember 1993) er ein sveitsisk slampoesiutøvar, komikar, kabaretartist og programleiar.

Allison Hazel Brugger vart fødd 9. desember 1993 i San Diego i California. Faren hennar er den sveitsiske nevropsykologen Peter Brugger,[1] og mora er engelsklærar og opphavleg frå Köln i Tyskland.[2]

Brugger vaks opp i Dielsdorf, nær Zürich, og har to eldre brør. Etter fullført skulegang i Bülach byrja ho å studera filosofi og litteratur ved Universitetet i Zürich, men avslutta studia seinare.[3] Då ho var 17 år gammal, starta ho karrieren sin innan slampoesi i Winterthur, nordaust for Zürich.

Mellom 2014 og 2017 skreiv Brugger ei spalte annakvar veke for den sveitsiske dagsavisa Das Magazin.[4] Frå 2013 til 2014 var ho spaltist for Hochparterre og TagesWoche.[5][6] I 2015 var ho programleiar for det direktesende talkshowet Hazel Brugger Show and Tell ved Theater am Neumarkt i Zürich, som vart arrangert annankvar månad.[7] Den 9. oktober 2013 deltok ho i det fjerde sveitsiske meisterskapet i poetry slam i Bern.[8] I november 2015 starta ho sitt første kabaretprogram, Hazel Brugger passiert.[9] I februar 2019 drog ho på turné i Tyskland, Austerrike og Sveits med sitt andre soloprogram, Tropical, som hadde premiere på Netflix 2. desember 2020.

Sidan 2016 har ho vore korrespondent for det tyske politiske satireprogrammet heute-show på ZDF.[10][11] Den 26. april hadde ho si første gjesteopptreden i eit anna satireprogram på ZDF, Die Anstalt.[12] I 2017 vann ho Salzburger Stier, ein pris for kabaretartistar, og vart den yngste personen nokon gong til å vinna denne prisen.[13][14]

I 2019 starta Brugger ein YouTube-serie som ho er programleiar for saman med Spitzer, som er medprodusent og forfattar. Programmet heiter Deutschland Was Geht (på norsk ‘Kva skjer, Tyskland?’).[15] I serien utforskar Brugger og Spitzer interessante – og til tider merkelege – stader saman med ulike tyske komikarar.[16] I 2020 fekk programmet nytt namn: Europa Was Geht.[15]

I 2025 var Brugger medprogramleiar for Eurovision Song Contest 2025 i Basel saman med Sandra Studer, medan Michelle Hunziker slutta seg til i finalen.[17] Som ein del av rolla si framførte ho det musikalske nummeret «Made in Switzerland» (saman med Studer og Petra Mede) i den første semifinalen.[18] Nummeret vart seinare gjeve ut som singel.[19]

Brugger har budd i Köln sidan 2016.[20][11]

I oktober 2020 kunngjorde Brugger at ho var gravid.[9] Ho har vore gift med Thomas Spitzer sidan 2020.[21] Dei har to døtrer.

  1. ↑ ««Versuchen Sie mal, sich selbst zu kitzeln»» ["Try tickling yourself"]. TagesWoche (på sveitsisk standardtysk). 26. april 2014. Arkivert frå originalen 12. mai 2019. Henta 21. mai 2025.
  2. ↑ Grossrieder, Beat (21. oktober 2016). «Porträt Hazel Brugger: Unser fieses Alter Ego» [Portrait of Hazel Brugger: Our nasty alter ego]. Neue Zürcher Zeitung (på sveitsisk standardtysk). Henta 21. mai 2025.
  3. ↑ Graber, Michael (3. februar 2019). «Interview - Hazel Brugger: «Mit Humor macht man sich verletzlicher»» [Interview - Hazel Brugger:"With Humour, one becomes more vulnerable"]. Luzerner Zeitung (på tysk). Henta 21. mai 2025.
  4. ↑ «Hazel Brugger». Das Magazin (på tysk). 9. mai 2025. Henta 21. mai 2025.
  5. ↑ Brugge, Hazel. «Out und Erbaut» [Out and Built]. Hochparterre (på tysk). Henta 21. mai 2025.
  6. ↑ «Hazel Brugger». TagesWoche (på sveitsisk standardtysk). Henta 21. mai 2025.
  7. ↑ «Hazel Brugger Show and Tell». TheaterNeumarkt.ch (på tysk). Arkivert frå originalen 12. mai 2019. Henta 21. mai 2025.
  8. ↑ «The Flying Stoll und eine unschlagbare Brugger» [The Flying Stoll and an unbeatable Brugger]. Saiten.ch (på sveitsisk standardtysk). 20. oktober 2013. Henta 21. mai 2025.
  9. 1 2 Stepan, Julia (1. oktober 2020). «ZDF-Comedian: Hazel Brugger ist schwanger» [ZDF-Comedian: Hazel Brugger is pregnant]. Spiegel Online (på tysk). ISSN 2195-1349. Henta 21. mai 2025.
  10. ↑ «Heute Moderatorin beim ESC 2025 im Livestream: So tickt Hazel Brugger als Ehefrau und Mutter» [Today Show presenter at the ESC 2025 in the live stream: This is what Hazel Brugger is like as a wife and mother]. Joyn.de (på tysk). 17. mai 2025. Henta 21. mai 2025.
  11. 1 2 Hugendick, David (14. september 2017). «Komik als Kampftechnik» [Comedy as a fighting technique]. Zeit.de (på tysk). Henta 21. mai 2025.
  12. ↑ «Die Gäste der ZDF Satiresendung "Die Anstalt" vom 26.04» [The guests of the ZDF satirical show "Die Anstalt" from April 26th.]. Kabarett-News.de. Arkivert frå originalen den 12. mai 2019. Henta 21. mai 2025.
  13. ↑ «Salzburger Stier 2017: Hazel Brugger». Srf.ch (på tysk). Henta 21. mai 2025.
  14. ↑ «Salzburger Stier 2017 - Hazel Brugger gewinnt die Lacher mit todernster Miene» [Hazel Brugger wins the laughs with a deadly serious expression]. Srf.ch (på tysk). Henta 21. mai 2025.
  15. 1 2 Guyoncourt, Sally. «Who are Hazel Brugger and Sandra Studer? Meet the Eurovision 2025 presenters». MSN.com. Henta 21. mai 2025.
  16. ↑ Hazel and Thomas. YouTube (på britisk engelsk). Henta 21. mai 2025.
  17. ↑ «Meet Your Hosts for Basel 2025». Eurovision Song Contest. 20. januar 2025. Henta 3. juni 2025.
  18. ↑ "Made in Switzerland" at the first semi-final of the Eurovision Song Contest 2025 på YouTube
  19. ↑ Gerdesius, Tino (6. juni 2025). ««Made in Switzerland» landet auf Spotify und Co» [“Made in Switzerland” lands on Spotify and Co.] (på sveitsisk standardtysk). SRF. Henta 7. juni 2025.
  20. ↑ Möller, Christian. «Durch die Gegend | Episode 25 | Hazel Brugger». VierTausendHertz.de (på tysk). Arkivert frå originalen 15. desember 2021. Henta 21. mai 2025.
  21. ↑ Tomšić, Sara (15. februar 2021). «Hazel Brugger und Thomas Spitzer: "Wir wollten nicht ironisch heiraten"» [Hazel Brugger and Thomas Spitzer:We didn't want to get married ironically]. Zeit.de (på tysk). ISSN 0044-2070. Henta 21. mai 2025.