Hopp til innhald

Kazoo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kazoo

Klassifiseringmusikkinstrument, voice changer, singing membrane
Hornbostel-Sachs klassifisering242
Døme

Kazoo er eit lite musikkinstrument som skaper lyd ved hjelp av ein vibrerande membran.[1] Instrumentet kan lagast av plast eller metall, medan sjølve membranen er av plast med ei gummipakking. Ein bruker kazooen ved at spelaren nynnar gjennom den største opninga.[2] Lyden blir danna av vibrasjonane frå stemmebanda, det er difor ikkje mogleg å spela ved å berre blåsa i instrumentet.[3]

Instrumentet stammar truleg opphavleg frå eit afrikansk instrument som heiter mirliton, og som blei nytta i samband med religiøse seremoniar.

Den moderne kazooen blei funnen opp ein gong på 1800-talet i USA, og blei deretter særleg brukt av afroamerikanarar. Instrumentet blir brukt i jugband, skiffle, nokre typar jazz og er eit utbreidd komisk instrument.

  1. ↑ «Kazoo». Store norske leksikon. Henta 24. januar 2018.
  2. ↑ How to Play Kazoo, Kazoos.com, 2013, vitja 15. februar 2026.
  3. ↑ «Kazoo». Encyclopedia.com. Henta 24. januar 2018.