Hopp til innhald

Kvantor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kvantor i matematikk er eit symbol nytta i matematisk logikk. Viss F(x) er det symbolske uttrykket for at utsegna x har eigenskapen F, skriv ein (∀x)F(x) for at x har eigenskapen F(x) for alle x (vert lese som «For alle x gjeld F»). Viss det finst minst éin x som har eigenskapen F, skriv ein (∃x)F(x) (vert lese som «Det finst x slik at F gjeld»). Teikna ∀ og ∃ vert kalla høvesvis allkvantor og eksistenskvantor.