Hopp til innhald

LXDE

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
LXDE


SkaparHong Jen Yee ("PCMan")
Utgjeve2006
Nyaste versjon0.10.1 (25. februar 2021)[1]
OperativsystemUnix-variant
Skriven iC
Sjangerskrivebordsmiljø
LisensGPL 2.0+
Nettstadhttps://www.lxde.org/

LXDE (forkorting for engelsk Lightweight X11 Desktop Environment, ‘lettvektigX11-skrivebordsmiljø’) er eit fritt skrivebordsmiljø med relativt låge systemkrav. Dette gjer det spesielt godt eigna for ressurssvake datamaskiner som til dømes nett-PC-ar eller eldre maskinar.[2]

LXDE er skrive i programmeringspråket C, med GTK+ 2 som widgetverktøy. Det køyrer på UNIX og andre POSIX-kompatible plattformer, som Linux og BSD. Målet med programmet er å lage eit skrivebordsmiljø som er raskt og energieffektivt.[3][4] LXDE er standard skrivebordsmiljø på Knoppix, Lubuntu, LXLE, Peppermint Linux OS og Rasbian, men andre distribusjonar tilbyr òg LXDE.

LXDE nytta rullerande utgjeving på individuelle komponentar (eller grupper av komponentar).[5] Standard vindaugehandsamar er Openbox men LDXE kan òg konfigurerast til å nytt Fluxbox, IceWM og Xfwm.[6] LXDE har kjeldekode lisensiert i både GPL og LGPL.[3]

Prosjektet vart starta i 2006 av den taiwanske programmeraren Hong Jen Yee, som òg var kjent som PCMan då han publiserte filutforskaren PCManFM, den fyrste modulen i LXDE. Unøgd med GTK+ 3,[7] bestemte Hong Jen Yee for å eksperimentere med  Qt tidleg i 2013[8] og lanserte den fyrste versjonen av ein Qt-basert PCManFM 26. mars 2016.[7] Den 3. juli 2013 annonserte Hong Jen Yee annonserte ein Qt-port av heile LXDE.[9] "21 Juli 2013 slo Razor-qt and LXDE seg saman til eit prosjekt LXQt.

Mange distribusjonar har byrja å tilby LXDE-baserte utgåver, noko som bidrar til det relativt nye skrivebordsmiljøet sin popularitet [10].

LXDE sine programvarekomponentar

[endre | endre wikiteksten]

Ulikt andre skrivebordsmiljø som GNOME og KDE, har LXDE sine standardprogram få avhengigheitar og er ikkje tett integrert.[11] Dei kan istaden bli installert uavhengig av LXDE.[12]

Program Beskriving Notat
PCMan File Manager Filutforskar
LXInput Mus og tastatur konfigurering
LXLauncher Enkel programstartar
LXPanel Skrivebordspanel
LXAppearance GTK+ Temahandsamar
GPicView Biletsynar
LXMusic Grafisk brukargrensesnitt for XMMS2 medisapelaren
LXTerminal Terminalemulator
LXTask Oppgåvehandsamar
LXRandR Grafisk Brukargrensesnitt til RandR
LXDM X display manager
SDDM  Skjermhandsamar som støttar både X11 og Wayland. Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Leafpad Teksteditor Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Openbox (Fluxbox, IceWM og Xfwm støtta) Vindaugehandsamar Ikkje laga av LXDE-prosjektet
ObConf Grafisk verktøy for å konfigurere Openbox Ikkje laga av LXDE-prosjektet
Xarchiver Filarkivlagar
Ikkje laga av LXDE-prosjektet

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «LXPanel 0.10.1 released». 25. februar 2021. Henta 3. juni 2023.
  2. ↑ Christopher Smart (9. september 2009). «Lubuntu: Floats Like a Butterfly, Stings Like a Bee». Linux Magazine. Arkivert frå originalen 27. juni 2010. Henta 10. september 2009. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  3. 1 2 LXDE Team. «LXDE». Henta 26. oktober 2008.
  4. ↑ LXDE Team. «About LXDE». Arkivert frå originalen 14. oktober 2008. Henta 1. november 2008. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  5. ↑ «Description of current release process». Article.gmane.org. Henta 19. mai 2014.
  6. ↑ «LXDE». Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 12. januar 2016. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. 1 2 «PCManFM Qt 0.1.0 released». LXDE Blog. 27. mars 2013. Henta 4. mai 2013.
  8. ↑ «PCManFM file manager is ported to Qt?». LXDE Blog. 19. februar 2013. Henta 4. mai 2013.
  9. ↑ «LXDE - LXDE-Qt Preview». Blog.lxde.org. 3. juli 2013. Henta 27. mars 2014.
  10. ↑ Bodnar, Ladislav (Januar 2011), DistroWatch Page Hit Ranking statistics in 2009 and 2010, henta 4. januar 2011 {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  11. ↑ Łukasz Bigo. «LXDE - lekka alternatywa do GNOME». Henta 8. august 2008.
  12. ↑ «About LXDE». Lxde.sourceforge.net. Henta 19. mai 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]