Lockerbie
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bandet Lockerbie.
| Lockerbie | |||
| Locarbaidh | |||
| by | |||
Utsyn mot Lockerbie, 2007. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Dumfries and Galloway | ||
| Tradisjonelt grevskap | Dumfries | ||
| Folketal | 4 240 (2016) | ||
| Postnummer | DG11 | ||
| Retningsnummer | 0 1576 | ||
![]() Lockerbie 55°07′19″N 3°21′19″W / 55.121944444444°N 3.3552777777778°W | |||
| Wikimedia Commons: Lockerbie | |||
Lockerbie (skotsk-gælisk Locarbaidh) er ein by i regionen Dumfries and Galloway i sørvestlege Skottland. Han har kring 4 500 innbyggjarar. Han er mest kjend som åstad for Lockerbie-saka, ei ulukke som fann stad då restane av eit passasjerfly styrta der i desember 1988 etter ei terroristbombe ombord på flyet.
Den dominerande bygningen i byen er rådhuset, som er eit godt døme på skotsk baronistil. Han er bygd i lokal raud sandstein. Ved sida av står eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.
Byen har, for storleiken sin, eit godt utvikla transportnett. Han ligg ved vegen A47, og har ein jernbanestasjon. Den lokale økonomien var lenge avhengig av handel med stor- og småfe, noko nærleiken til grensa til England gjorde lukrativt. Det blir enno halde saueauksjonar i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lockerbie» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.
