Hopp til innhald

Partiell derivasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tangentar parallelt med x og y-aksen

Partiell derivasjon er ein operasjon i matematikk for å finne den partiellderiverte til ein fleirvariabel funksjon, som er funksjonens deriverte med omsyn på ein variabel, mens dei andre blir halden konstant.

Notasjonen for den partiellderiverte for ein funksjon f med variablane x,y... med omsyn på x skriv ein som oftast på forma

∂∂xf eller ∂f∂x,

men ein også skriva han som f1,fx,f'x,∂xf,D1f eller Dxf. Ein les "den partiellderiverte av f med omsyn på x".

∂, ein stilisert kursiv d, blir brukt for å visa til partiellderiverte og skil det frå deriverte av einvariable funksjonar, dydx.

Den deriverte til ein einvariabla funksjon er stigningstalet til tangenten i punktet x0. I ein funksjon med to variablar er det uendeleg mange tangentar i kvart punkt (x0,y0), men som oftast er det tangentane parallellt til enten x eller y-aksen som er av høgst interesse. Når ein partiellderiverer finn vi stigningstalet til ein av desse to tangentane.

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

La f:R2→R vere ein funksjon av to variablar, x og y.

Den partiellderiverte til f med omsyn på x er definert som

∂f∂x(x,y)=limΔx→0f(x+Δx,y)−f(x,y)Δx,

dersom grenseverdien eksisterer.

Korresponderande er den pariellderiverte med omsyn på y definert slik:

∂f∂y(x,y)=limΔy→0f(x,y+Δy)−f(x,y)Δy

Vi kan generalisere definisjonen i andredimensjon til å gjelde for alle dimensjonar

La f:Rn→R vere ein funksjon av n variablar, x1,x2,...,xn.

Vi definerer den partiellderiverte til f med omsyn på xk slik:

∂f∂xk(x1,...,xn)=limΔxk→0f(x1,...,xk+Δxk,...,xn)−f(x1,...,xn)Δxk

Kvar funksjon i Rn har n partiellderiverte; ein til kvar variabel.

Eksempel i R2

[endre | endre wikiteksten]

Vi har funksjonen f:R2→R

f(x,y)=x2+xy−y2

Når ein partiellderiverer med hensyn på ein variabel behandlar vi den andre som konstant. Dei to partiellderiverte til f er dermed

∂f∂x(x,y)=2x+y∂f∂y(x,y)=x−2y

Stigningstalet til tangenten parallelt med x-aksen i punkt (1,1) er

∂f∂x(1,1)=2⋅1+1=3

Tilsvarande har vi stigingstalet til tangenten parallelt med y-aksen:

∂f∂y(1,1)=1−2⋅1=−1

Partiellderiverte av høgre orden

[endre | endre wikiteksten]

Slik som for funksjonar med ein variabel, kan vi definere partiellderiverte av høgre orden for funksjonar med fleire variablar. Dersom ein partiellderivert er deriverbar kan ein fortsette å derivere med omsyn på same eller ein anna variabel så langt det let seg gjere.

Deriverer vi ein førstepartiellderivert med same variabel finn vi den andrepartiellderiverte, og skriv følgjande notasjonar:

∂∂x(∂f∂x),∂2f∂x2ellerf11,fxx,∂xxf,∂x2

Deriverer vi med ein anna variabel får vi ein kryssa andrepartiellderivert

∂∂x(∂f∂y),∂2f∂x∂yellerf12,fxy,∂xyf,∂x∂yf

Symmetrien eller likskapen av andre partiellderiverte fastslår at rekkjefølgja for å oppnå ein kryssa andrepartiellderivert er likegyldig[1]

∂∂x(∂f∂y)=∂∂y(∂f∂x)∂2f∂x∂y=∂2f∂y∂x

Deriverer vi ein andrepartiellderivert får vi ein tredjepartiellderivert, og så vidare... Deriverer vi ein funksjon n-gongar med same variabel får vi n-te ordens partiellderivert

∂nf∂xn

Vi får ein n-te ordens kryssa partiellderivert dersom vi deriverer ein funksjon n gongar med m ulike variablar

∂i+j+...+kf∂x1i∂x2j⋅...⋅∂xmkn=i+j+...+k

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Adams, Robert A (2017). «12.4». Calculus: A Complete Course. Pearson Canada. s. 698–699. ISBN 9780134154367.