Programleiar

Programleiar er ein person som leier eit program på fjernsyn, radio eller liknande.[1][2] «Programleiar» kan òg visa til leiarar av til dømes politiske program, studieprogram og styreprogram.
Typar programleiarar
[endre | endre wikiteksten]
TV-programleiar
[endre | endre wikiteksten]Ein tv-programleiar, også kalla tv-vert eller programvert, er ein person som leier eit tv-program. Slike programleiarar kan leia underhaldningsshow, tv-overførte prisutdelingar, debattprogramm, aktualitetprogram, realityprogram og konkurransprogram. Også nyheitssendingar og nyheitsprogram har programleiarar, men desse blir gjerne kalla for nyheitsanker.
Radioprogramleiar
[endre | endre wikiteksten]
Ein radioprogramleiar, også kalla radiovert eller studiovert, leier eit radioshow eller ei radiosending.[1]
Andre typar programleiarar
[endre | endre wikiteksten]Ordet «programleiar» kan også visa til leiarar av til dømes studieprogram, partprogram, prosjektprogram eller styreprogram.[3] Ein slik type programleiar har ansvar for den daglege leiinga av det aktuelle programmet og rapporterer til programeigar og programstyret.[4][5] Dersom ei bedrift, organisasjon, etat eller liknande etablerer eit prosjektprogram, har programleiaren ansvaret for planlegging og gjennomføring av programmet.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «programleder». naob.no. Det Norske Akademis ordbok. Henta 14. oktober 2021.
- ↑ «programleder». ordbok.uib.no. Bokmålsordboka | Nynorskordboka. Arkivert frå originalen 20. mai 2022. Henta 14. oktober 2021.
- ↑ «Mandat for studieprogramleder/ph.d.-programleder». Universitetet i Agder (på norsk). Arkivert frå originalen 29. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021.
- ↑ «Helse Sør-øst Prosjektveiviser – Rolledefinisjoner» (PDF). Helse Sør-Øst. 2020. s. 4–5. Arkivert frå originalen (PDF) 22. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021. «2.3. Programleder: Programleder utøver den daglige ledelsen av programmet og rapporterer til programeier og programstyret. Programleder kan ivareta rollen som prosjekteier for et eller flere underliggende prosjekter i programmet.»
- 1 2 «Roller og ansvar i ein prosjektorganisasjon | Digdir». www.digdir.no. Henta 14. oktober 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Programleder» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2026.