Splatoon 2
| Splatoon 2 | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Nintendo EPD | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Distributør | Nintendo eShop | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Yusuke Amano Seita Inoue Shintaro Sato | ||
| Produsent(ar) | Hisashi Nogami | ||
| Komponist(ar) | Toru Minegishi Ryo Nagamatsu Shiho Fujii | ||
| Serie | Splatoon | ||
| Spelmotor | LunchPack | ||
| Plattform(er) | Nintendo Switch | ||
| Utgjeving | 21. juli 2017 | ||
| Sjanger | Skytespel i tredjeperson | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 7 | ||
| Nettstad | https://www.nintendo.co.jp/switch/aab6a/, https://www.nintendo.it/Giochi/Nintendo-Switch/Splatoon-2-1173295.html, https://www.nintendo.es/Juegos/Nintendo-Switch/Splatoon-2-1173295.html, https://www.nintendo.fr/Jeux/Nintendo-Switch/Splatoon-2-1173295.html, http://splatoon.nintendo.com/, http://gamesites.nintendo.com.au/splatoon-2/ | ||
| Del av serien Splatoon⠀ | |||
| ←Splatoon⠀ · Splatoon 3→ | |||
Splatoon 2 er eit skytespel i tredjeperson utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve internasjonalt til Nintendo Switch den 21. juli 2017 og er ein oppfølgjar til Wii U-spelet Splatoon frå 2015. Spelet sentrerer om karakterar kjent som Inklings, som er antropomorfiske blekksprutar. Dei kan skifte mellom humanoid- og blekksprutform, og gøyme seg i eller symje gjennom farga blekk som er sprøyta på overflater ved hjelp av våpen som pistolar, bøtter eller penslar. Splatoon 2 har dei same spelemodiane som forgjengaren, mellom anna fire mot fire-kampar over internett og ein einspelarkampanje. Det har ein ny modus, Salmon Run, der opp til fire spelarar samarbeider om å samle egg frå lakseliknande monster kjende som «salmonoids».[1]
Splatoon 2 har hovudsakleg fått positive omtalar[2] og har selt over seks millionar kopiar per 31. mars 2018.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nintendo Switch: Splatoon 2». nintendo.no. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Splatoon 2 for Switch Reviews». Metacritic. Henta 31. mars 2018.
- ↑ «IR Information: Sales Data - Top Selling Title Sales Units». Nintendo. Henta 17. marts 2018.
{{cite web}}: Check date values in:|accessdate=(hjelp)