Hopp til innhald

The Scotsman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Scotsman

LandStorbritannia[1]
TypeDagsavis
FormatTabloidformat (compact)
Grunnlagd25. januar 1817
EigararThe Scotsman Publications
UtgjevarNational World
Sjefredaktør(er)Chris Baur (1985– januar 1988)[2]
SpråkEngelsk[1]
HovudkvarterEdinburgh
ISSN0307-5850
OCLC3856993
Nettstadhttps://www.scotsman.com/ (engelsk)

The Scotsman er ei skotsk riksavis som har kome ut i Edinburgh sidan 1817.

Ho hadde eit stadfesta opplag på 45 352 i 2010.[3] Opplagstalet låg på rundt 100 000 på 1980-talet.[4]

Avisa har hatt ei nettutgåve sidan 1998.

The Scotsman kom fyrst ut i 1817.[5] Etter at skatt på aviser blei avskaffa i 1850, blei The Scotsman lansert på nytt som dagsavis med pris av 1 penny og med eit dagleg opplag på 6 000.

I 1953 blei avisa kjøpt opp av den kanadiske millionæren og mediemogulen Roy Thomson. Frå 1988 til 1994 var Magnus Linklater redaktør i avisa. I 1995 blei avisa vidareselt til dei britiske milliardærane David og Frederick Barclay for 85 millionar pund. Dei flytta avisa frå dei tradisjonelle kontora i North Bridgei Edinburgh (som no er eit luksushotell) til heilt nye kontor på Holyrood Road i nærleiken av der bygningen til det skotske parlamentet seinare blei oppført.

I desember 2005 selde brørne Barclay The Scotsman til Johnston Press i ein handel på 160 millionar pund. Johnston Press er eit skotsk selskap som blei ein av dei tre største utgjevarar av lokalaviser i Storbritannia og ein stor aktør på internett. I november 2018 gjekk Johnston Press konkurs. Kort tid etter blei det kjøpt av JPIMedia, som i 2019 blei kjøpt av multimediaføretaket National World.[6][7]

  1. 1 2 The ISSN portal (på engelsk, fransk, spansk, forenkla kinesisk og arabisk), Paris: ISSN International Centre, ISSN 1819-1819, ISSN 0307-5850, Wikidata Q70460099
  2. ↑ «Scotsman Obituaries: Chris Baur, journalist who progressed from copy boy to Scotsman Editor». The Scotsman. 19. februar 2026.
  3. ↑ guardian.co.uk 11. juli 2010, besøkt 18. desember 2010
  4. ↑ Obituary Arnold Kemp
  5. ↑ The Scotsman Archive - 25th January 1817 (page 1 of 8) - The Scotsman launched
  6. ↑ «Johnston Press: News Letter owner bought over by new company». BBC News. 17. november 2018. Arkivert frå originalen den 19. april 2019. Henta 22. januar 2019.
  7. ↑ «Owner of Scotsman and Yorkshire Post newspapers bought for £10m». The Guardian. 31. desember 2020. Arkivert frå originalen den 6. november 2021. Henta 1. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]