Hopp til innhald

Timianslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timianslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Stamme: Mentheae
Understamme: Menthinae
Slekt: Timianslekta Thymus
L., 1753

Timianslekta (Thymus) er ei slekt i leppeblomfamilien med om lag 350 artar. Desse veks i Europa, Midt-Austen og Nord-Afrika. Timian er ein dvergbusk som kan verta eit par desimeter høg.

Fleire artar og underartar er registrerte i Noreg:[1][2]

Småtimian

Kryddertimian og sitrontimian (T. ×citriodorus) vert mykje brukt som krydder. Småtimian og somme andre artar eigner seg derimot ikkje som krydder, men er populære hagevekstar.

Ein nytter timian mellom anna til å smakssetja kjøt, supper og stuingar. I fransk matlaging blir urta mellom anna brukt i bouquet garni og i Herbes de Provence. Timian er også viktig i karibisk og i middelhavsmat. Den jordanske krydderblandinga zahtar inneheld timian.

Timian har også vore brukt som medisinplante, mellom anna mot hoste og sår hals. Planten inneheld stoffet thymol. Dette verkar antiseptisk.

  1. ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 978–979, 1165–1166.
  2. ↑ «Artsdatabanken: Namnetre timianslekta». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2023.
  3. 1 2 3 4 5 6 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023.
  4. ↑ «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Timianslekta
  • Timian i Den virtuella floran (linnaeus.nrm.se)
  • Timian i Urter i litteraturen (aa-arkivet.no)