Hopp til innhald

Batumi

Batumi
ბათუმი
Horisonten til Batumi
Horisonten til Batumi
Byvåpenet til Batumi
Land Georgia
Flatevidd 64,9 km²
Flatevidd
 • By

64,9 km²
Innbyggjarar
 • By (2014)
   - folketettleik

152 839
  2 355/km²
Koordinatar 41°38′45″N 41°38′30″E / 41.64583°N 41.64167°E / 41.64583; 41.64167
Høgd 3 m
Tidssone MSD (UTC+4)
www.batumi.ge
Nettstad: https://batumi.gov.ge

Batumi (georgisk skrift ბათუმი, tidlegare kalla Batum eller Batoum) er ein kystby ved Svartehavet og hovudstad i Adsjaria, ein autonom republikk sørvest i Georgia. Han har om lag 152 839 innbyggjarar (2014).

Batum er med den store hamna si eit kommersielt senter og siste stopp på den transkaukasiske jernbanen og Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidningen. Han ligg 20 km nord for den tyrkiske grensa og har eit subtropisk klima med mange sitrus- og teplantasjar. Av industri i byen finn ein oljeraffineri, skipsverft, næringsmiddelindustri og lett industri.

Batumi ligg på same stad som den tidlegare greske kolonien Batis. Dei første moderne kjeldene nemner at det vart bygd festningsverk i byen på 1000-talet. Området var då under georgisk kontroll fram til 1500-talet då det vart avstått til Det osmanske riket. I 1878 vart byen avstått til Russland etter San Stefanotraktaten.

Etter at tsaren fall rykte først tyrkiske styrkar inn i byen i april 1918, følgt av britiske styrkar i desember same år. Dei britiske styrkane okkuperte Batumi fram til juli 1920.

Batumi tidleg på 1900-talet.

Klimaet i Batumi er subtropisk, og det veks palmer, sitron- og appelsintre i byen.

Middeltemperaturen i Batumi er 14 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på 6 °C. Juli og august er den varmaste tida med ein middeltemperatur på 22 °C. Det kaldaste som er målt her er -7 °C, og det varmaste er 40 °C. Den normale årsnedbøren er om lag 2 500 mm, der januar er våtast og mai tørrast.

Vêrdata for Batumi lufthamn (normalar for 1981-2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25,3 27,4 32,2 38,3 37,2 39,9 40,8 39,5 38,1 35,4 30,1 28,3 40,8
Gjennomsnittleg maks °C 6,6 7,6 12,3 18,6 22,8 27,7 31,1 30,9 26,1 19,4 12,4 7,6 18,6
Døgnmiddeltemperatur °C 5,4 6,8 8,7 12,4 16 20,2 22,6 23,2 20,1 16,5 12 6,8 14,2
Gjennomsnittleg min °C 4,3 4 5,5 9,1 12,9 17 19,9 20,3 17,1 13,5 9,2 6,1 11,6
Lågast målte °C −7,7 −8,2 −6,7 −2,5 3,4 8,1 12,9 12,6 7,5 2 −3,9 −4,2 −8,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 234,7 183,4 156,6 90,1 92,5 141 164,9 220,7 330,1 321,5 305,5 277,7 2 519
Gns. nedbørsdagar (≥ 1 mm) 14 12,7 12,6 9,6 9,6 9,9 10,1 11,5 11,1 12,4 12,2 13,1 138,8
Gns. solskinstimar i månaden 99 105 126 148 199 235 214 223 201 176 125 107 1 958
Kjelde 1: NCEI[1]
Kjelde 2: [2][3]
  1. ↑ «WMO Climate Normals for 1981-2010: Batumi Airport-37496» (XLS). National Centers for Environmental Information. Henta 17. mars 2024.
  2. ↑ «The duration of sunshine in some cities of the former USSR» (på russisk). Meteoweb.ru. Arkivert frå originalen den 19. mai 2019. Henta 27. september 2012.
  3. ↑ «37496: Batumi (Georgia)». OGIMET. 14. januar 2021. Henta 14. januar 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]