Hopp til innhald

Fourier-transformasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fourier-transformasjon (ofte forkorta til FT) er ei lineæravbilding som transformerer ein funksjon av reelle variablar med komplekse verdiar til ein annan[1][2]. I applikasjonar som signalhandsaming transformerer ein typisk frå tidsplanet til frekvensplanet. Dette kan samanliknast med at ein akkord i musikk kan skildrast av notane som vert spelt. Så i praksis så dekomponerer fouriertransformasjonen ein funksjon, eller eit signal, i ein sum av oscillerande funksjonar, som kan uttrykkast som cos- og sin-funksjonar, eller som ein sum av eksponentialfunksjonar.

Fourier-transformasjon og generaliseringane er emne i Fourier-analyse. Det er mogeleg å definere Fourier-transformasjonen til ein funksjon av fleire variablar, noko som til dømes er viktig i det fysiske studiet av bølgjer og biletehandsaming. Det er òg mogleg å generalisere Fourier-transformasjonen på diskrete strukturar som endelege grupper.

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire vanlege måtar å definere fouriertransformasjonen av ein integrerbar funksjon. Denne artikkelen nyttar definisjonen:

X(ω):=∫−∞∞x(t) e−jωtdt,  for t ∈ [−∞,∞],

der j=−1. Når variabelen x(t) representerer tid (med SI-eininga sekund), representerer transformasjonsvariabelen X(ω) vinkelfrekvens, som kan konverterast til temporal frekvens f=ω/(2π) (i Hz). Etter som Fourier-transformasjonen dekomponerer signalet x(t) i frekvenskomponentar X(ω), med ulik frekvens og amplitude, vert ho kalla analyselikninga.

Invers Fourier-transformasjon

[endre | endre wikiteksten]

Invers transformasjon, som typisk transformerer frå frekvensplanet til tidsplanet, vert definert som[3]

x(t)=12π∫−∞∞X(ω) ejωtdω,   for alle reelle t.

Faktoren 1/(2π) er ein skaleringskonstant, som syter for at energien er den same i tids- og frekvensplanet; sjå Parsevals teorem. Etter som den inverse Fourier-transformasjonen syntiserer eit signalet x(t) i tidsplanet, som ein sum av ulike oscillerande bølgjer (frekvenskomponentar) X(ω), med ulik frekvens og amplitude, vert ho kalla symteseselikninga.

Samanhengen med Laplace-transformasjonen

[endre | endre wikiteksten]

Fourier-transformasjonen kan sjåast på som eit spesialtilfelle av den to-sidige Laplace-transformasjonen. Laplace-transformasjonen transformerer eit signal til det komplekse s-planet, der s=σ+jω er ein kompleks frekvensvariabel. I samband med Fourier-transfroma er realdelen σ sett til null. slik at ein ender ein opp med den imaginære delen av frekvensvariabelen jω, som ligg på den imaginære aksen i s-planet. At dei ulike Fouirer-komponentane (frekvens-komponentane) ligg på den imaginære aksen betyr at dei er periodiske. Fourier-transformasjonen er med andre ord eit speialtilfelle av Laplace-transformasjonen, som vert nytta når signalet x(t) er periodiskt.

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Linearitet

[endre | endre wikiteksten]

Fouriertransformasjonen er ei lineæravbilding:

ℱ[af(t)+bg(t)]=aℱ[f(t)]+bℱ[g(t)]=aF(ω)+bG(ω)

Funksjonsprodukt og folding

[endre | endre wikiteksten]

For produkt av funksjonar gjeld

ℱ[f(t)∗g(t)]=F(ω)G(ω)ℱ[f(t)g(t)]=12πF(ω)∗G(ω),

her markerer ∗ ein foldingsoperator (konvolusjon).

Tids- og frekvensforskyving

[endre | endre wikiteksten]
ℱ[f(t−T)]=e−iωTF(ω)ℱ[eiΩtf(t)]=F(ω−Ω).

Derivasjon

[endre | endre wikiteksten]

For deriverte av funksjonar gjeld

ℱ[d(n)f(t)dt(n)]=(iω)(n)F(ω)ℱ[(−it)nf(t)]=d(n)F(ω)dω(n).

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Champeney, D.C., A handbook of Fourier theorems, Cambridge University Press, 1987.
  2. ↑ Bracewell, R.N., The Fourier transform and its applications, McGraw-Hill, 1986.
  3. ↑ Dyke, P.P.G., An introduction to Laplace transforms and Fourier series, Springer, 2001.